Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 7:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I dei dagane då Ahas, son til Jotam, Ussias son, var konge i Juda, drog kong Resin av Aram og kong Pekah av Israel, son til Remalja, opp i krig mot Jerusalem. Men dei greidde ikkje å gå til åtak på byen.

2. Det vart meldt til Davids hus: «Aramearane har slege leir i Efraim.» Då skalv hjartet både hos kongen og folket, slik trea i skogen skjelv for vinden.

3. Då sa Herren til Jesaja: Gå ut, du og son din Sjear-Jasjub, og møt Ahas ved enden av vassleidningen frå Øvredammen, på vegen til vaskeplassen.

4. Sei til han: Ta deg i vare og hald deg i ro! Ver ikkje redd og mist ikkje motet for desse to utbrende og rykande vedskiene, for den brennande harmen til Resin og Aram og son til Remalja!

5. Fordi Aram, Efraim og son til Remalja har lagt vonde planar mot deg og sagt:

6. «Lat oss dra opp mot Juda og setja skrekk i det, leggja det under oss og gjera Tabeels son til konge der»,

7. så seier Herren Gud:«Det skal ikkje lukkast,og det skal ikkje skje.

8. For Damaskus er Arams hovud,og Resin er hovud i Damaskus– men om sekstifem år er Efraim knust,og det er ikkje lenger eit folk –

9. og Samaria er Efraims hovud,og son til Remalja er hovud i Samaria.Vil de ikkje tru, kan de ikkje stå støtt.»

10. Herren tala igjen til Ahas og sa:

11. «Be om eit teikn frå Herren din Gud, nede frå dødsriket eller oppe frå det høge!»

12. Men Ahas svara: «Eg vil ikkje be om noko og ikkje setja Herren på prøve.»

13. Då sa han: «Så høyr då, Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, må de òg trøytta min Gud?

14. Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel.

15. Rømme og honning skal han eta til han forstår å forkasta det vonde og velja det gode.

Les hele kapitlet Jesaja 7