Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 10:3-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Men kva vil de gjera på oppgjersdagen,når øydelegginga kjem frå det fjerne?Kven flyktar de til for å få hjelp,og kvar vil de gjera av rikdomen dykkar

4. utan å måtta knela blant fangareller falla blant drepne?Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette,handa er framleis lyft.

5. Ve Assur, mitt vreideris!Stokken dei har i handa, er min harme.

6. Eg sender han mot eit ugudeleg folk,byd han fara mot folket eg er harm på,for å plyndra og røva, ta bytte og rovog trakka det ned som avfall i gata.

7. Men det er ikkje slik han meiner detog ikkje slik hans hjarte tenkjer det,for han vil øydeleggjaog utrydda mange folkeslag.

8. Han seier: «Er ikkje mine stormennkongar alle saman?

9. Er ikkje Kalno som Karkemisj,Hamat som Arpad,Samaria som Damaskus?

10. Når handa mi har nådd til avgudsrika,der gudebileta overgår dei i Jerusalem og Samaria,

11. skulle eg ikkje då kunna gjera det samemed Jerusalem og gudebileta hennarsom eg gjorde med Samaria og gudane hennar?»

12. Men det skal skje:Når Herren har fullført heile sitt verkpå Sion-fjellet og i Jerusalem,då krev eg kongen av Assur til rekneskapfor frukta av hans hovmodige hjarteog glimtet i hans stolte auge.

13. For han har sagt:«Dette har eg gjort med mi sterke handog i min visdom, for eg er klok.Eg har flytt grensene mellom folkaog plyndra skattane deira,med makt har eg drive innbyggjarane ut.

14. Handa mi fann rikdomen til folkasom ho finn eit fuglereir,og slik ein samlar forlatne egg,har eg samla alle kongerike på jorda.Det var ingen som rørte ein vengeller opna nebben og peip.»

15. Kan øksa briska seg mot han som høgg,set saga seg over han som sagar?Som om staven skulle svinga han som lyfter staven,og stokken lyfta han som ikkje er av tre!

16. Difor skal Herren, allhærs Herre,gjera dei kraftige karane hans magre.Under all hans prakt skal det tennast ein eld,ein brennande eld.

17. Israels lys skal bli ein eldog hans Heilage ein flammesom brenn og fortærerbåde torn og tistel på ein einaste dag.

18. I hans herlege skogar og hagarskal han gjera ende på sjel og kropp,det skal gå som når ein sjuk tærest bort.

19. Så liten blir resten av tre i skogenat ein smågut kan skriva opp talet.

Les hele kapitlet Jesaja 10