Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 10:22-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. For sjølv om folket ditt, Israel,var som havsens sand,skal berre ein rest venda om.Utslettinga er fastsett,med rettferd strøymer ho på.

23. For Herren, allhærs Gud,fullfører utslettinga som er fastsettover heile jorda.

24. Difor, så seier Herren, allhærs Gud:Mitt folk, du som bur på Sion,ver ikkje redd for Assurnår han slår deg med stokkenog lyfter staven sin over deg,slik dei gjorde i Egypt.

25. Om berre ei lita stunder det slutt på harmen min,vreiden min gjer ende på dei.

26. Då skal Herren over hærskaranesvinga svepa over han,som då han slo Midjan ved Oreb-berget.Han skal lyfta staven over havet,slik han gjorde i Egypt.

27. Den dagen skal det skjeat han tek børa bort frå skuldra diog åket frå nakken din.Så velfødd blir du at åket går sund.

28. Han er komen over Ajjatog har drege forbi Migron.I Mikmas lagrar han utstyr.

29. Dei har gått gjennom skardet.«I Geba slår vi leir for natta!»Rama skjelv,Sauls Gibea har rømt.

30. Skrik høgt, du Gallims dotter!Lytt, Laisja! Svar, Anatot!

31. Madmena har kome seg unna,dei som bur i Gebim, har berga seg.

32. Alt i dag vil han stå i Nob.Han svingar handamot fjellet til dotter Sion,Jerusalems høgd.

33. Sjå, Herren, allhærs Herre,høgg greinene av med veldig kraft.Høgvaksne tre blir felte,høge stammar skal falla.

34. Tettaste skogen skal hoggast ned med øks.Libanon skal falla for Den veldige.

Les hele kapitlet Jesaja 10