Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 10:11-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. skulle eg ikkje då kunna gjera det samemed Jerusalem og gudebileta hennarsom eg gjorde med Samaria og gudane hennar?»

12. Men det skal skje:Når Herren har fullført heile sitt verkpå Sion-fjellet og i Jerusalem,då krev eg kongen av Assur til rekneskapfor frukta av hans hovmodige hjarteog glimtet i hans stolte auge.

13. For han har sagt:«Dette har eg gjort med mi sterke handog i min visdom, for eg er klok.Eg har flytt grensene mellom folkaog plyndra skattane deira,med makt har eg drive innbyggjarane ut.

14. Handa mi fann rikdomen til folkasom ho finn eit fuglereir,og slik ein samlar forlatne egg,har eg samla alle kongerike på jorda.Det var ingen som rørte ein vengeller opna nebben og peip.»

15. Kan øksa briska seg mot han som høgg,set saga seg over han som sagar?Som om staven skulle svinga han som lyfter staven,og stokken lyfta han som ikkje er av tre!

16. Difor skal Herren, allhærs Herre,gjera dei kraftige karane hans magre.Under all hans prakt skal det tennast ein eld,ein brennande eld.

17. Israels lys skal bli ein eldog hans Heilage ein flammesom brenn og fortærerbåde torn og tistel på ein einaste dag.

18. I hans herlege skogar og hagarskal han gjera ende på sjel og kropp,det skal gå som når ein sjuk tærest bort.

19. Så liten blir resten av tre i skogenat ein smågut kan skriva opp talet.

20. Den dagen skal resten av Israelog dei som slapp unna i Jakobs hus,ikkje lenger støtta seg til han som slo dei,men støtta seg i truskap til Herren, Israels Heilage.

21. Ein rest skal venda omtil den veldige Gud,ein rest av Jakob.

22. For sjølv om folket ditt, Israel,var som havsens sand,skal berre ein rest venda om.Utslettinga er fastsett,med rettferd strøymer ho på.

23. For Herren, allhærs Gud,fullfører utslettinga som er fastsettover heile jorda.

Les hele kapitlet Jesaja 10