Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 1:24-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Difor seier Herren,allhærs Herre,Israels Mektige:Ve, eg vil ta igjen med motstandarane mineog hemna meg på fiendane!

25. Eg vil lyfta handa mot deg,reinsa ut slagget ditt med lutog skilja ut alt bly.

26. Eg vil igjen gje deg dommararsom i gamle dagarog rådgjevararsom i den første tida.Sidan skal du kallastDen rettferdige og trufaste byen.

27. Ved rett skal Sion løysast ut,ved rettferd dei som vender om.

28. Men svikarar og syndarar skal knusast,dei som forlèt Herren, skal gå til grunne.

29. De får skam av eikenesom de var så glade i,og vanære av haganesom de likte så godt.

30. De skal bli som ei eik med visne blad,som ein hage utan vatn.

31. Den sterke skal bli til halmog verket hans til ein gneiste,saman skal dei brennautan at nokon sløkkjer.

Les hele kapitlet Jesaja 1