Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 1:15-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Når de lyfter hendene,lèt eg att auga for dykk.Same kor mykje de bed,høyrer eg ikkje.Hendene dykkar er fulle av blod.

16. Vask dykk, gjer dykk reine!Få dei vonde gjerninganebort frå auga mine,hald opp med å gjera vondt,

17. lær å gjera godt!Søk det som er rett,hjelp den undertrykte,ver forsvarar for farlause,før enkjers sak!

18. Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren.Om syndene dykkar er som purpur,skal dei bli kvite som snø,om dei er raude som skarlak,skal dei bli kvite som ull.

19. Dersom de er villige og lydige,skal de få eta det gode i landet.

20. Men er de uvillige og trassige,skal de fortærast av sverd.For Herrens munn har tala.

Les hele kapitlet Jesaja 1