Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 9:1-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Å, om hovudet mitt var vatnog auget mitt ei tårekjelde!Då ville eg gråta dag og nattover dei falne i folket, mi dotter.

2. Å, om eg fann ein stad i ørkenender ferdafolk kunne overnatta!Då ville eg forlata folket mittog gå bort frå dei.For dei er alle ekteskapsbrytarar,ein flokk av trulause.

3. Dei spenner løgnbogenmed tunga som pil.Det er ikkje ved sanningdei herskar i landet.Dei går frå vondskap til vondskap,og dei kjenner ikkje meg,seier Herren.

4. Akta dykk for kvarandre,stol ikkje eingong på ein bror!Kvar bror fer med list,kvar ven går med sladder.

5. Dei lurer kvarandreog snakkar ikkje sant.Dei har lært opp tunga til å lyga,dei er utmatta av vondskap.

6. Mellom svikarar bur du,svikarar som ikkje vil kjennast ved meg,seier Herren.

7. Difor seier Herren over hærskarane:Sjå, eg vil smelta dei og prøva dei.Kva kan eg elles gjera for folket, mi dotter?

8. Tunga deira er ei drepande pil,ho talar svik.Med munnen talar dei til nesten sin om fred,men i sitt indre planlegg dei bakhald.

9. Skulle eg ikkje straffa dei for dette,seier Herren,skulle eg ikkje hemna megpå eit folkeslag som dette?

10. Eg set i med gråt og klagesong over fjella,likklage over beita i ørkenen.For dei er avsvidde, ingen ferdast der,det høyrest ingen rautande buskap.Både fuglane under himmelen og dyra på markahar rømt og er borte.

11. Eg gjer Jerusalem til ei steinrøys,ein stad der sjakalar held til.Byane i Juda gjer eg til aude staderder ingen kan bu.

12. Kven er så vis at han skjønar detteog kan kunngjera det Herrens munn har tala til han?Kvifor er landet lagt i grus,avsvidd som ein ørkender ingen kan ferdast?

13. Herren svara:Fordi dei sveik mi lov,som eg la fram for dei.Dei høyrde ikkje på mi røystog følgde ikkje mi lov,

14. men dei følgde sitt sjølvrådige hjarteog Baal-gudane,slik fedrane deira hadde lært dei.

15. Difor seier Herren over hærskarane, Israels Gud:Sjå, eg gjev dette folket malurt å etaog giftig vatn å drikka.

16. Eg spreier dei mellom folkeslagsom korkje dei eller fedrane deira kjende.Eg sender sverdet etter deiheilt til eg har gjort ende på dei.

Les hele kapitlet Jeremia 9