Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 8:9-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Dei vise blir til skamme,dei blir slegne av redsle og fanga.Dei har jo forkasta Herrens ord.Kva er då deira visdom?

10. Difor gjev eg konene deira til andreog markene deira til nye eigarar.For alle saman,små og store,skaffar seg urett vinning.Profet og prest,alle fer med svik.

11. Lettvint lækjer dei brotet hos folket, mi dotter.Dei seier: «Fred, fred!»men det er ikkje fred.

12. Dei skal bli til skamme,for dei har gjort avskyelege ting.Likevel skjemmest dei ikkje,veit ikkje kva vanære er.Difor skal dei falla mellom dei som er falne.Den timen eg krev rekneskap,skal dei snubla, seier Herren.

13. No vil eg samla dei inn,seier Herren.Det finst ikkje druer på vinrankaog ikkje fiken på fikentreet,lauvet er visna.Det eg har gjeve dei,er borte.

14. Kvifor blir vi sitjande?Samla dykk!Lat oss gå inn i festningsbyaneog gå til grunne der!For Herren vår Gud lèt oss gå til grunne,han gjev oss giftig vatn å drikka,for vi har synda mot Herren.

15. Vi vona på fred,men det finst ikkje noko godt,på ei tid for lækjedom,men sjå, det er redsle.

16. Frå Dan høyrest frøsande hestar.Når hingstane vrinskar,skjelv heile landet.Dei kjem,dei et opp landetog alt som fyller det,byen og dei som bur der.

17. Sjå, eg sender slangar mot dykk,giftige ormar som ingen kan mana bort.Dei skal bita dykk,seier Herren.

18. Ulækjeleg sorg kjem over meg,hjartet mitt er sjukt.

19. Høyr skriket til folket, mi dotter,frå eit land langt borte!Er ikkje Herren på Sion?Er ikkje kongen hennar der?Kvifor har dei krenkt megmed gudebileta sine,med framande og tomme gudar?

20. Innhaustinga er over,sommaren er slutt,men vi har ikkje vorte berga.

21. Eg er nedbroten,for folket, mi dotter,har brote saman,det svartnar for meg,gru har gripe meg.

22. Finst det ikkje balsam i Gilead?Er det ingen lege der?Kvifor blir ikkje folket, mi dotter, lækt?

Les hele kapitlet Jeremia 8