Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 8:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. På den tid, seier Herren, skal dei ta knoklane av Juda-kongane, knoklane av leiarane, knoklane av prestane, knoklane av profetane og knoklane av innbyggjarane i Jerusalem ut or gravene

2. og spreia dei ut for sola og månen og heile himmelens hær, som dei elska, som dei dyrka, som dei følgde, som dei spurde til råds, og som dei tilbad. Dei skal ikkje bli samla og gravlagde, dei skal bli til gjødsel på jorda.

3. Men dei vel døden framfor livet, heile den resten som er att av denne vonde slekta på alle dei stadene eg har drive dei bort til, seier Herren over hærskarane.

4. Du skal seia til dei: Så seier Herren:Kven er det som fell og ikkje reiser seg att?Eller går bort og ikkje kjem att?

5. Kvifor har dette folket vendt seg bort?Kvifor vender Jerusalem seg alltid bort?Dei held fast ved sitt svikog nektar å venda om.

6. Eg har lytta og høyrt etter.Det er ikkje sant, det dei seier.Ingen angrar sin vondskapog seier: «Kva har eg gjort!»Alle spring bortslik ein hest stormar fram i strid.

7. Jamvel storken under himmelenkjenner sine faste tider,og turteldua, svala og trastapassar tida då dei skal koma.Men folket mitt kjenner ikkje Herrens lov.

8. Korleis kan de seia: «Vi er vise,vi har Herrens lov hos oss»?Sjå, den falske pennen til skrivarenhar forfalska henne.

9. Dei vise blir til skamme,dei blir slegne av redsle og fanga.Dei har jo forkasta Herrens ord.Kva er då deira visdom?

Les hele kapitlet Jeremia 8