Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 7:26-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Men dei ville ikkje høyra på meg og vende ikkje øyret til. Dei gjorde nakken stiv og var verre enn fedrane sine.

27. Når du seier alle desse orda til dei, kjem dei ikkje til å høyra på deg. Når du ropar til dei, kjem dei ikkje til å svara.

28. Då skal du seia til dei: «Dette er folkeslaget som ikkje ville lytta til Herren sin Guds røyst og ikkje ta lærdom. Det er slutt på truskapen, han er borte frå deira munn.»

29. Klipp håret av deg og kast det bort! Stem i ei likklage på dei snaue høgdene! Herren har forkasta og vraka den slekta han er harm på.

30. For judearane har gjort det som er vondt i mine auge, seier Herren. Dei har sett det motbydelege inn i det huset som namnet mitt er ropa ut over, og gjort det ureint.

31. Dei har bygd Tofet-haugane i Ben-Hinnom-dalen, der dei brenner sønene og døtrene sine i elden. Det har eg ikkje pålagt dei, det har aldri vore i mine tankar.

32. Difor, sjå, dagar skal koma, seier Herren, då det ikkje lenger skal heita Tofet eller Ben-Hinnom-dalen, men Drapsdalen. Og i Tofet skal dei gravleggja folk, fordi det ikkje finst gravplass andre stader.

33. Lika av dette folket skal bli til føde for fuglane under himmelen og for dyra på jorda, og ingen skal skremma dei bort.

Les hele kapitlet Jeremia 7