Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 7:14-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Difor vil eg gjera slik eg gjorde med Sjilo, mot det huset som namnet mitt er ropa ut over, og som de stolar på, den staden eg gav dykk og fedrane dykkar.

15. Og eg vil kasta dykk bort frå mitt andlet slik eg kasta frå meg alle brørne dykkar, heile Efraims ætt.

16. Du skal ikkje be for dette folket, ikkje bera fram klage eller bøn for det og ikkje prøva å overtala meg, for eg vil ikkje høyra på deg.

17. Ser du ikkje kva dei driv på med i Judas byar og på Jerusalems gater?

18. Borna sankar ved, fedrane gjer opp eld, kvinnene knar deig for å baka offerkaker til Himmeldronninga, og dei auser ut drikkoffer til andre gudar. Slik krenkjer dei meg.

19. Men er det meg dei krenkjer, seier Herren, er det ikkje seg sjølv, er det ikkje deira eige andlet som får skamma over seg?

20. Difor seier Herren Gud: Sjå, min vreide og harme skal ausast ut over denne staden, over folk og fe, over trea på marka og frukta av jorda. Han skal brenna og ikkje slokna.

21. Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Legg brennoffer til slaktoffera dykkar og et kjøt!

22. For eg sa ikkje noko om brennoffer og slaktoffer til fedrane dykkar, eg gav dei ikkje noko påbod om det då eg førte dei ut frå Egypt.

23. Men dette bodet gav eg dei: «Høyr på mi røyst, så skal eg vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk. Gå alltid på den vegen eg byd dykk, så skal det gå dykk vel.»

24. Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyret til. Dei følgde sine eigne planar, sitt vonde og sjølvrådige hjarte. Dei gjekk bakover, ikkje framover.

Les hele kapitlet Jeremia 7