Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 7:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette ordet kom til Jeremia frå Herren:

2. Still deg i porten til Herrens hus. Der skal du ropa ut dette ordet og seia: Høyr Herrens ord, heile Juda, de som går inn gjennom desse portane for å tilbe Herren.

3. Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Gjer vegane og gjerningane dykkar gode, så vil eg la dykk bu på denne staden.

4. Stol ikkje på dei falske orda: «Herrens tempel, Herrens tempel, Herrens tempel!»

5. Men om de verkeleg gjer vegane og gjerningane dykkar gode, om de gjer rett mot kvarandre,

6. ikkje undertrykkjer innflyttarar, farlause og enkjer, ikkje auser ut skuldlaust blod på denne staden og ikkje følgjer andre gudar til skade for dykk sjølve,

7. då vil eg la dykk bu på denne staden, i det landet eg gav fedrane dykkar, frå evig tid og til evig tid.

8. Sjå, de stolar på falske ord som ikkje kan hjelpa.

9. De stel, slår i hel, bryt ekteskapet, sver falskt, tenner offereld for Baal og følgjer andre gudar som de ikkje kjenner.

10. Og så vil de koma og stå for mitt andlet i dette huset som namnet mitt er ropa ut over, og seia: «Vi er berga», sjølv om de gjer alt dette avskyelege?

11. Har det vorte ei røvarhòle i dykkar auge, dette huset som namnet mitt er ropa ut over? Også eg kan sjå, seier Herren.

Les hele kapitlet Jeremia 7