Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 6:3-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Mot henne skal gjetarar komamed saueflokkane sine.Dei slår opp telt ikring henne,og kvar beiter sitt stykke snautt.

4. Lys heilag krig mot henne!Kom, lat oss gå til åtak midt på dagen!Ve oss, det lid mot kveld,og skuggane blir lange.

5. Kom, lat oss gå til åtak i nattog øydeleggja borgene hennar!

6. Så seier Herren over hærskarane:Fell tre og kast opp ein voll mot Jerusalem!Ho er byen som skal krevjast til rekneskap,ho er full av undertrykking.

7. Som ei kjelde held vatnet kaldt,slik held byen vondskapen kald.Der høyrer ein om vald og ran,alltid ser eg sjukdom og sår.

8. Lat deg refsa, Jerusalem,elles bryt eg med degog gjer deg til ein aud stad,eit land der ingen kan bu.

9. Så seier Herren over hærskarane:Hald etterhaust på Israels restsom de gjer med vinstokken!Gå endå ein gong over rankene med handalik ein som plukkar druer!

10. «Kven skal eg tala tilog åtvara slik at dei høyrer?Sjå, dei har uomskorne øyreog kan ikkje høyra etter.Sjå, Herrens ord er spott for dei,og dei bryr seg ikkje om det.

11. Men eg er full av Herrens harme,eg er trøytt av å halda han att.»Så aus han ut over borna på gataog over flokken av unge menn som samlar seg!Både mann og kvinne skal fangast,gamle menn og oldingar.

12. Andre skal overta husa deira,markene og kvinnene òg.For no lyfter eg handamot dei som bur i landet,seier Herren.

13. For alle saman,små og store,skaffar seg urett vinning.Profet og prest,alle fer med svik.

14. Lettvint lækjer dei brotet i folket mitt,dei seier: «Fred, fred!»Men det er ikkje fred.

15. Dei skal bli til skamme,for dei har gjort avskyelege ting.Likevel skjemmest dei ikkje,veit ikkje kva vanære er.Difor skal dei falla mellom dei som er falne.Den timen eg krev rekneskap,skal dei snubla, seier Herren.

16. Så seier Herren:Still dykk på vegane og sjå!Spør etter dei gamle stigane,etter vegen til det gode!Gå på den,så skal de finna kvile for dykkar liv.Men dei svara: «Vi vil ikkje gå der.»

17. Eg sette vaktmenn over dykk.Lytt når hornet gjallar!Men dei svara: «Vi vil ikkje lytta.»

18. Difor, høyr, de folkeslag,og forstå, de som er samla,kva som skjer med dei.

19. Høyr, du jord!Sjå, eg fører ulukke over dette folket,frukta av deira eigne planar.For dei lytta ikkje til mine ord,og dei forakta mi lov.

20. Kva skal eg med røykjelse frå Sabaog det beste krydder frå fjerne land?Brennoffera dykkar tek eg ikkje imot,slaktoffera gleder meg ikkje.

21. Difor seier Herren:Sjå, eg legg snublesteinarfor dette folket.Både fedrar og sønerskal snubla i dei,granne og nesteskal gå under.

22. Så seier Herren:Sjå, det kjem eit folk frå landet i nord,eit stort folkeslag bryt oppfrå ytste enden av jorda.

23. Dei har boge og sabel i handa,dei er grufulle og viser ingen nåde.Larmen drønnar som havet,på hestar kjem dei ridande,rusta til krig mot deg, dotter Sion.

Les hele kapitlet Jeremia 6