Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 52:23-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Nittiseks granateple hang fritt. I alt var det hundre granateple rundt om på slyngornamenta.

24. Sjefen for livvakta tok med seg øvstepresten Seraja og Sefanja, presten under han, og dei tre dørvaktarane.

25. Frå byen tok han med seg ein hoffmann som hadde tilsyn med krigarane, sju av kongens fremste tenestemenn som endå var i byen, dessutan skrivaren til hærføraren, han som skreiv ut folk i landet til krigsteneste, og seksti mann av folket elles som fanst i byen.

26. Alle desse tok Nebusaradan, sjefen for livvakta, med seg. Han førte dei til Babel-kongen i Ribla,

27. og kongen slo dei i hel der, i Ribla i Hamat-landet. Slik vart folket i Juda ført bort frå landet sitt.

28. Dette er folket som Nebukadnesar førte i eksil: i det sjuande styringsåret 3023 frå Juda,

29. i Nebukadnesars attande år 832 frå Jerusalem.

30. I Nebukadnesars tjuetredje år førte Nebusaradan, livvaktsjefen, 745 judearar i eksil. Til saman var det 4600 personar.

31. I det trettisjuande året etter at Juda-kongen Jojakin var bortført, den tjuesjuande dagen i den tolvte månaden i det året han sjølv vart konge, tok Babel-kongen Evil-Merodak Juda-kongen Jojakin til nåde og henta han ut or fengselet.

Les hele kapitlet Jeremia 52