Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 51:39-57 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

39. Når dei blir heite,steller eg til eit drikkelag for dei.Eg skjenkjer dei fulle så dei blir lystige,dei fell i ein evig søvnsom dei ikkje skal vakna frå,seier Herren.

40. Eg fører dei til slakting som lam,som vêrar og bukkar.

41. Teken er Sjesjak,hærteken er hosom var lovprisa over heile jorda!Ei skremsle har Babel vortemellom folkeslaga!

42. Havet har stige opp over Babel,ho er dekt av brusande bølgjer.

43. Byane hennar har vorte til ørken,til eit tørt og livlaust land.Ikkje eit menneske bur i dei,ingen dreg igjennom dei.

44. Eg straffar Bel i Babel.Det han har slukt,dreg eg ut or munnen hans.Folkeslag skal ikkje lengerkoma strøymande til han.Også Babels mur er fallen.

45. Mitt folk, far ut frå henne!Kvar og ein må berga sitt livfor Herrens brennande vreide.

46. Mist ikkje motet og ver ikkje reddenår rykta går i landet,eit rykte det eine åretog eit anna det neste.Vald rår på jord,og herskar står mot herskar.

47. Difor, sjå, dagar skal komadå eg straffar gudebileta i Babelså heile landet blir til skammeog alle der blir drepne og fell.

48. Himmel og jord og alt som er i dei,skal jubla over Babelnår dei som herjar,rykkjer inn frå nord,seier Herren.

49. De som vart drepne i Israel:Også Babel skal fallaslik dei som vart drepne over heile jorda,fall for Babels skuld.

50. De som slapp unna sverdet,far bort, bli ikkje ståande her!Hugs på Herren i eit land langt borteog tenk på Jerusalem!

51. «Vi vart til skamme,måtte høyra spott,vanære dekte andleta våre;for framande har kome inni heilagdomen, Herrens hus.»

52. Difor, sjå, dagar skal koma, seier Herren,då eg straffar gudebileta hennar;i heile landet skal dei såra stønna.

53. Om Babel stig opp til himmelenog styrkjer si festning i det høge,skal eg senda folk som herjar henne,seier Herren.

54. Høyr skriket frå Babel,eit stort samanbrot i landet til kaldearane.

55. Det er Herren som herjar Babelog gjer ende på hennar kraftige røyst.Bølgjene brusar som veldige vatn,larmen gjev gjenlyd.

56. For mot henne,mot Babel,kjem det ein som herjar;krigarane blir tekne til fange,og bogane deira blir knekte.For Herren er ein Gud som gjer gjengjeld,han skal betala tilbake.

57. Leiarane og vismennene deira skjenkjer eg fulle,og statthaldarane, stormennene og krigarane hennar.Då fell dei i ein evig søvnsom dei ikkje skal vakna frå,seier kongen, Herren over hærskarane er hans namn.

Les hele kapitlet Jeremia 51