Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 51:26-42 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Ingen skal ta stein frå degtil hjørnestein eller grunnmur,for du skal bli til ørken for alltid,seier Herren.

27. Lyft banneret på jorda,blås i horn mellom folkeslaga,helga folkeslaga til strid mot Babel!Kall kongerike saman mot henne,Ararat, Minni og Asjkenas.Set ein hærførar mot henne!Lat hestar rykkja framsom bustete grashopper!

28. Helga folkeslagatil strid mot henne,kongane og statthaldarane i Media,alle stormennene derog kvart land i riket.

29. Jorda skjelv og vrir seg,for no fullendar Herren planane han har mot Babel:å gjera landet Babel til ei øydemarkder ingen kan bu.

30. Krigarane i Babelhar halde opp å strida.Dei sit stille i borgene,kreftene deira har tørka ut,dei har vorte kvinner.Husa er sette i brann,bommane brotne sund.

31. Sendebod spring mot sendebod,bodberar mot bodberar,for å fortelja kongen av Babelat byen er teken frå ende til annan.

32. Vadestadene er tekne,og sumpane er brende med eld,krigarane er gripne av redsle.

33. For så seier Herren over hærskarane, Israels Gud:Dotter Babel er som ein treskjeplassnår han blir trampa ned.Det er berre ei lita stund att,så kjem hausttida for henne.

34. Kong Nebukadnesar av Babelhar ete meg, gjort ende på megog sett meg bort lik eit tomt kar.Som eit sjøuhyre slukte han meg,fylte magen med mitt beste kjøtog spytta meg ut.

35. Valden eg har kjent på kroppen,skal råka Babel,seier ho som bur i Sion.Lat mitt blod koma overdei som bur i Kaldea,seier Jerusalem.

36. Difor seier Herren:Sjå, eg fører di sakog tek hemn for deg.Eg legg havet hennar tørtog tørkar ut kjelda hennar.

37. Babel skal bli ei steinrøys,ein stad der sjakalar held til,lagd aud og gjord til spottså ingen kan bu der.

38. Alle brøler som unge løverog knurrar som løveungar.

39. Når dei blir heite,steller eg til eit drikkelag for dei.Eg skjenkjer dei fulle så dei blir lystige,dei fell i ein evig søvnsom dei ikkje skal vakna frå,seier Herren.

40. Eg fører dei til slakting som lam,som vêrar og bukkar.

41. Teken er Sjesjak,hærteken er hosom var lovprisa over heile jorda!Ei skremsle har Babel vortemellom folkeslaga!

42. Havet har stige opp over Babel,ho er dekt av brusande bølgjer.

Les hele kapitlet Jeremia 51