Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 51:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så seier Herren:Sjå, eg vekkjer ein øydeleggjande stormmot Babel og mot dei som bur i Leb-Kamai.

2. Eg sender framande til Babel,dei skal reinsa henne som kornog leggja landet audtnår dei går laus på det frå alle kantarpå ulukkedagen.

3. Bogeskyttaren skal ikkje spenna bogenog ikkje briska seg i brynja.Skån ikkje hennar unge menn,slå heile hæren med bann!

4. I Kaldea skal dei drepast og falla,stikkast ned og liggja på gatene.

5. For Israel og Juda er ikkje enkjer,forlatne av sin Gud, Herren over hærskarane,endå landet deira er fullt av skuldmot Israels Heilage.

6. Flykt frå Babel, berg dykk alle!Gå ikkje til grunne når byen får si straff.For dette er hemnens tid for Herren,han gjev dei att for det dei har gjort.

7. Babel var eit gullbeger i Herrens hand,ho gjorde heile jorda drukken.Folkeslaga drakk av vinen,difor vart dei som galne.

Les hele kapitlet Jeremia 51