Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 51:1-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så seier Herren:Sjå, eg vekkjer ein øydeleggjande stormmot Babel og mot dei som bur i Leb-Kamai.

2. Eg sender framande til Babel,dei skal reinsa henne som kornog leggja landet audtnår dei går laus på det frå alle kantarpå ulukkedagen.

3. Bogeskyttaren skal ikkje spenna bogenog ikkje briska seg i brynja.Skån ikkje hennar unge menn,slå heile hæren med bann!

4. I Kaldea skal dei drepast og falla,stikkast ned og liggja på gatene.

5. For Israel og Juda er ikkje enkjer,forlatne av sin Gud, Herren over hærskarane,endå landet deira er fullt av skuldmot Israels Heilage.

6. Flykt frå Babel, berg dykk alle!Gå ikkje til grunne når byen får si straff.For dette er hemnens tid for Herren,han gjev dei att for det dei har gjort.

7. Babel var eit gullbeger i Herrens hand,ho gjorde heile jorda drukken.Folkeslaga drakk av vinen,difor vart dei som galne.

8. Brått er Babel fallen og knust.Sørg over henne!Hent balsam for såret hennar,kanskje kan det lækjast.

9. «Vi prøvde å lækja Babel,men ho lét seg ikkje lækja.Forlat henne! Lat oss gåkvar til sitt eige land.For dommen over henne når til himmelen,han rekk opp til skyene.»

10. Herren har gjeve oss rett.Kom, lat oss fortelja på Sionkva Herren vår Gud har gjort.

11. «Kvess pilene, fyll koggera!» Herren har vekt ein tanke hos kongane av Media,for planen hans er å øydeleggja Babel.Det er Herrens hemn,hemnen for hans tempel.

12. Lyft banneret mot Babels murar,styrk vakthaldet,set ut vakterog legg nokre i bakhald!For Herren set i verkdet han har planlagt,det han har sagtom dei som bur i Babel.

13. Du som bur ved veldige vatnog er så rik på skattar,no er enden komen for deg,livstråden skal skjerast av.

14. Herren over hærskaranehar svore ved seg sjølv:Eg skal fylla deg med menneske,mange som grashopper.Dei skal setja i jubelrop mot deg.

15. Han laga jorda med si kraft,han grunnla verda i sin visdomog spente ut himmelen ved si innsikt.

16. Når hans røyst høyrest, brusar vatnet i himmelen,han lèt skyer stiga opp frå enden av jorda,han lagar både lyn og regn,han lèt vinden sleppa ut frå sine forrådskammer.

17. Alle menneske er dumme og uforstandige.Kvar gullsmed må skjemmast av gudebiletet sitt,for det støypte biletet hans er løgn.Det er ikkje ånd i dei.

18. Tomme er dei, eit verk til spott.Når straffa kjem, går dei til grunne.

Les hele kapitlet Jeremia 51