Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 50:5-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Dei spør etter Sion,dit vender dei andletet:«Kom, lat oss slutta oss til Herreni ei evig pakt som aldri blir gløymd!»

6. Folket mitt var bortkomne sauer,gjetarane førte dei vill,på avvegar i fjella.Dei gjekk frå fjell til haugog gløymde kvar dei skulle kvila.

7. Alle som møtte dei, ville eta dei.Fienden sa: «Vi gjer ingen urett,for dei har synda mot Herren,han som er deira rette beitemark, Herren, vona til fedrane deira.»

8. Flykt bort frå Babel,dra ut frå landet til kaldearane,gå som bukkar framfor flokken.

9. For sjå, eg vekkjer ei stor forsamlingav folkeslag frå landet i nordog fører dei opp mot Babel.Dei stiller opp til strid mot byenog tek han.Dei skyt piler som ein dugande krigar,ein som aldri kjem tomhendt att.

10. Landet til kaldearane blir krigsbytte,alle som plyndrar det, blir mette,seier Herren.

11. No kan de vera glade,no kan de jubla,de som plyndra eigedomen min.De hoppar som kalvar i grasetog vrinskar som sterke hingstar.

12. Mor dykkar skjemmest djupt,ho som fødde dykk, blir til spott.Sjå, ho er sist av folkeslaga,ein ørken, tørt land, ei øydemark.

13. Fordi Herren er harm, skal ingen bu der,heile landet skal bli til ein ørken.Alle som går forbi Babel,skal bli forfærde og plystra hånlegover såra ho har fått.

14. Still dykk opp kring Babel,alle bogeskyttarar!Skyt mot henne, spar ikkje på pilene,for ho har synda mot Herren.

15. Lyft hærrop mot henne frå alle kantar!Ho gjev seg over!Støttene hennar er falne, murane brotne ned.For dette er Herrens hemn.Hemn dykk på henne,gjer med henne slik ho sjølv har gjort!

16. Rydd ut or Babel han som sår,og han som svingar sigdennår det er tid for å hausta.Frå sverdet som herjar, skal kvar og einvenda seg til sitt eige folkog flykta til sitt eige land.

17. Israel var ein sau som gjekk vill,løver hadde drive han på flukt.Først åt Assur-kongen han opp,så har kong Nebukadnesar av Babelgnege av beina.

18. Difor seier Herren over hærskarane, Israels Gud:Sjå, eg vil straffa kongen av Babelog landet hansslik eg straffa kongen av Assur.

19. Så fører eg Israel tilbaketil beitemarkene hans.Han skal beita på Karmel og i Basan,på Efraim-fjellet og i Gileadskal han bli mett.

20. I dei dagane og på den tida,seier Herren,skal dei leita etter Israels skuld, men ho er der ikkje,etter Judas synd, men ho finst ikkje,for eg tilgjev dei eg lèt vera att.

Les hele kapitlet Jeremia 50