Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 50:32-46 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

32. Den overmodige skal snubla og falla,og ingen skal reisa han opp.Eg set eld på byane hans,og elden skal øyda alt ikring.

33. Så seier Herren over hærskarane:Israelittane er undertrykteog judearane òg.Alle som førte dei i fangenskap,held dei fast,dei nektar å sleppa dei fri.

34. Men han som løyser dei ut, er sterk. Herren over hærskarane er hans namn.Han vil føra deira sakog gje jorda ro,men uroa deisom bur i Babel.

35. Sverd mot kaldearane! seier Herren.Sverd mot dei som bur i Babel,mot hennar stormenn og vismenn!

36. Sverd mot orakelprestane!Dei er tåpelege.Sverd mot krigarane!Dei skal bli slegne av skrekk.

37. Sverd mot hestar og vogner,mot alt blandingsfolket der!Dei blir som kvinner.Sverd mot skattkammera!Dei blir rana.

38. Tørke mot vatnet!Det tørkar bort.For dette er landet for gudebilete,dei blir galne av skrekkbileta sine.

39. Difor:Ørkendyr og hyenar skal slå seg ned,og strutsar skal halda til der.Aldri skal byen byggjast meir,frå slekt til slekt skal ingen bu der.

40. Det skal gå som då Gud øydelaSodoma og Gomorra og grannebyane,seier Herren.Ingen skal bu der,ikkje eit menneske slå seg ned.

41. Sjå, det kjem eit folk frå nord,eit stort folkeslag og mange kongarbryt opp frå ytste enden av jorda.

42. Dei har boge og sabel i handa,dei er grufulle og viser ingen nåde.Larmen drønnar som havet.På hestar kjem dei ridande,rusta til krig mot deg, dotter Babel.

43. Då kongen av Babel høyrde ryktet om dei,vart hendene hans slappe.Trengsle greip han,rier som hos ei fødande kvinne.

44. Sjå, lik løva som kjem oppfrå den tette Jordan-skogentil sletta som alltid er grøn,slik skal eg på ein augneblinkdriva dei bort frå landet.Kven er den utvalde som eg skal setja over det?For kven er som eg?Kven kan stemna meg?Kven er den gjetaren som kan stå for mitt andlet?

45. Difor, høyr kva avgjerd Herren har teke om Babel,kva plan han har lagtmot landet til kaldearane.Sanneleg, dei minste av sauene skal slepast bort,og beitemarkene deira skal bli aude.

46. Ropet «Babel er teken!»får jorda til å skjelva,og skriket skal høyrast mellom folkeslaga.

Les hele kapitlet Jeremia 50