Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 50:31-39 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

31. Eg kjem over deg, du overmodige,seier Herren, allhærs Gud.For no er dagen komen for deg,den tid då eg krev deg til rekneskap.

32. Den overmodige skal snubla og falla,og ingen skal reisa han opp.Eg set eld på byane hans,og elden skal øyda alt ikring.

33. Så seier Herren over hærskarane:Israelittane er undertrykteog judearane òg.Alle som førte dei i fangenskap,held dei fast,dei nektar å sleppa dei fri.

34. Men han som løyser dei ut, er sterk. Herren over hærskarane er hans namn.Han vil føra deira sakog gje jorda ro,men uroa deisom bur i Babel.

35. Sverd mot kaldearane! seier Herren.Sverd mot dei som bur i Babel,mot hennar stormenn og vismenn!

36. Sverd mot orakelprestane!Dei er tåpelege.Sverd mot krigarane!Dei skal bli slegne av skrekk.

37. Sverd mot hestar og vogner,mot alt blandingsfolket der!Dei blir som kvinner.Sverd mot skattkammera!Dei blir rana.

38. Tørke mot vatnet!Det tørkar bort.For dette er landet for gudebilete,dei blir galne av skrekkbileta sine.

39. Difor:Ørkendyr og hyenar skal slå seg ned,og strutsar skal halda til der.Aldri skal byen byggjast meir,frå slekt til slekt skal ingen bu der.

Les hele kapitlet Jeremia 50