Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 50:29-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

29. Kall bogeskyttarane saman mot Babel,alle som kan spenna ein boge.Kringset byen frå alle kantar,lat ingen sleppa unna!Lat Babel få att for gjerningane sine,gjer mot henne det ho sjølv har gjort.For ho har handla overmodig mot Herren,mot Israels Heilage.

30. Difor skal dei unge mennene hennarfalla på torga,alle krigarane hennar skal drepast den dagen,seier Herren.

31. Eg kjem over deg, du overmodige,seier Herren, allhærs Gud.For no er dagen komen for deg,den tid då eg krev deg til rekneskap.

32. Den overmodige skal snubla og falla,og ingen skal reisa han opp.Eg set eld på byane hans,og elden skal øyda alt ikring.

33. Så seier Herren over hærskarane:Israelittane er undertrykteog judearane òg.Alle som førte dei i fangenskap,held dei fast,dei nektar å sleppa dei fri.

34. Men han som løyser dei ut, er sterk. Herren over hærskarane er hans namn.Han vil føra deira sakog gje jorda ro,men uroa deisom bur i Babel.

35. Sverd mot kaldearane! seier Herren.Sverd mot dei som bur i Babel,mot hennar stormenn og vismenn!

36. Sverd mot orakelprestane!Dei er tåpelege.Sverd mot krigarane!Dei skal bli slegne av skrekk.

Les hele kapitlet Jeremia 50