Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 50:12-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Mor dykkar skjemmest djupt,ho som fødde dykk, blir til spott.Sjå, ho er sist av folkeslaga,ein ørken, tørt land, ei øydemark.

13. Fordi Herren er harm, skal ingen bu der,heile landet skal bli til ein ørken.Alle som går forbi Babel,skal bli forfærde og plystra hånlegover såra ho har fått.

14. Still dykk opp kring Babel,alle bogeskyttarar!Skyt mot henne, spar ikkje på pilene,for ho har synda mot Herren.

15. Lyft hærrop mot henne frå alle kantar!Ho gjev seg over!Støttene hennar er falne, murane brotne ned.For dette er Herrens hemn.Hemn dykk på henne,gjer med henne slik ho sjølv har gjort!

16. Rydd ut or Babel han som sår,og han som svingar sigdennår det er tid for å hausta.Frå sverdet som herjar, skal kvar og einvenda seg til sitt eige folkog flykta til sitt eige land.

17. Israel var ein sau som gjekk vill,løver hadde drive han på flukt.Først åt Assur-kongen han opp,så har kong Nebukadnesar av Babelgnege av beina.

18. Difor seier Herren over hærskarane, Israels Gud:Sjå, eg vil straffa kongen av Babelog landet hansslik eg straffa kongen av Assur.

19. Så fører eg Israel tilbaketil beitemarkene hans.Han skal beita på Karmel og i Basan,på Efraim-fjellet og i Gileadskal han bli mett.

20. I dei dagane og på den tida,seier Herren,skal dei leita etter Israels skuld, men ho er der ikkje,etter Judas synd, men ho finst ikkje,for eg tilgjev dei eg lèt vera att.

21. Dra opp mot Meratajim-landetog gå til åtak på det!Gå mot dei som bur i Pekod,forfølg dei med sverd og slå dei med bann!Gjer alt det eg byd deg,seier Herren.

22. Det er krigslarm i landet,eit stort samanbrot.

23. Knust og knekter all verdsens hammar.Babel har vorteei øydemark mellom folkeslaga!

24. Eg sette snarer for deg, Babel,og før du visste av det, var du fanga.Du vart funnen og gripenfordi du gjekk til strid mot Herren.

25. Herren har opna våpenlageretog teke fram sin harmes våpen,for Herren, allhærs Gud,har arbeid å gjera i landet til kaldearane.

26. Rykk fram mot landet frå alle kantar!Lat opp kornkammera,kast kornet opp i haugar,slå det med bann og øydelegg det,lat ingenting vera att!

27. Hogg alle oksane deira med sverd,send dei til slakting!Ve dei! Dagen deira er komen,tida då dei må gjera rekneskap.

28. Høyr, dei flyktarog kjem seg bort frå Babelfor å fortelja i Sionat Herren vår Gud har teke hemn,hemn for sitt tempel.

29. Kall bogeskyttarane saman mot Babel,alle som kan spenna ein boge.Kringset byen frå alle kantar,lat ingen sleppa unna!Lat Babel få att for gjerningane sine,gjer mot henne det ho sjølv har gjort.For ho har handla overmodig mot Herren,mot Israels Heilage.

30. Difor skal dei unge mennene hennarfalla på torga,alle krigarane hennar skal drepast den dagen,seier Herren.

Les hele kapitlet Jeremia 50