Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 50:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette ordet tala Herren gjennom profeten Jeremia om Babel, landet til kaldearane:

2. Kunngjer det mellom folkeslaga, lat det høyrast!Lyft banneret, lat det høyrast!Løyn det ikkje, men sei:Babel er teken,Bel har vorte til skamme,og Marduk er slegen av skrekk.Gudebileta har vorte til skamme,avgudane er slegne av skrekk.

3. For eit folkeslag frå nord rykkjer framog gjer landet til øydemarkså ingen kan bu der;både menneske og dyr flyktar og dreg bort.

4. I dei dagane og på den tida,seier Herren,skal israelittane komaog judearane saman med dei.Gråtande skal dei gåog søkja Herren sin Gud.

5. Dei spør etter Sion,dit vender dei andletet:«Kom, lat oss slutta oss til Herreni ei evig pakt som aldri blir gløymd!»

6. Folket mitt var bortkomne sauer,gjetarane førte dei vill,på avvegar i fjella.Dei gjekk frå fjell til haugog gløymde kvar dei skulle kvila.

7. Alle som møtte dei, ville eta dei.Fienden sa: «Vi gjer ingen urett,for dei har synda mot Herren,han som er deira rette beitemark, Herren, vona til fedrane deira.»

8. Flykt bort frå Babel,dra ut frå landet til kaldearane,gå som bukkar framfor flokken.

9. For sjå, eg vekkjer ei stor forsamlingav folkeslag frå landet i nordog fører dei opp mot Babel.Dei stiller opp til strid mot byenog tek han.Dei skyt piler som ein dugande krigar,ein som aldri kjem tomhendt att.

10. Landet til kaldearane blir krigsbytte,alle som plyndrar det, blir mette,seier Herren.

11. No kan de vera glade,no kan de jubla,de som plyndra eigedomen min.De hoppar som kalvar i grasetog vrinskar som sterke hingstar.

12. Mor dykkar skjemmest djupt,ho som fødde dykk, blir til spott.Sjå, ho er sist av folkeslaga,ein ørken, tørt land, ei øydemark.

13. Fordi Herren er harm, skal ingen bu der,heile landet skal bli til ein ørken.Alle som går forbi Babel,skal bli forfærde og plystra hånlegover såra ho har fått.

14. Still dykk opp kring Babel,alle bogeskyttarar!Skyt mot henne, spar ikkje på pilene,for ho har synda mot Herren.

Les hele kapitlet Jeremia 50