Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 5:25-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Men dette er kome i ulage på grunn av skulda dykkar,syndene held det gode borte frå dykk.

26. For det finst urettferdige i folket mitt.Dei ligg på lur som fuglefangarar i dekning,set feller og fangar menneske.

27. Som ei korg full av fuglar,slik er husa deira.Dei er fulle av svik.Difor har dei vorte store og rike,

28. tjukke og feite.Det fløymer over av vonde ord:Dei dømmer ikkje rettså farlause kan vinna fram med si sak,og dei hjelper ikkje fattige til deira rett.

29. Skulle eg ikkje straffa dei for dette,seier Herren,skulle eg ikkje hemna megpå eit folkeslag som dette?

30. Forferdelege og gruelege tingskjer i landet.

31. Profetane spår løgn,prestane styrer etter deira råd,og folket mitt vil ha det slik.Men kva vil de gjeranår dette tek slutt?

Les hele kapitlet Jeremia 5