Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 5:18-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Men jamvel i dei dagane, seier Herren, vil eg ikkje øydeleggja dykk heilt.

19. Når de spør: «Kvifor har Herren vår Gud gjort alt dette mot oss?» – då skal du svara: «Slik de forlét meg og tente framande gudar i dykkar eige land, skal de no tena framande i eit land som ikkje er dykkar.»

20. Kunngjer dette i Jakobs hus,og lat det høyrast i Juda:

21. Høyr dette, du tåpelege og uvituge folksom har auge, men ikkje ser,og øyre, men ikkje høyrer.

22. Fryktar de meg ikkje, seier Herren,skjelv de ikkje for mitt andlet?Eg la sand til grense for havet,ei evig grense som det ikkje kjem over.Bølgjene slår, men klarer det ikkje,dei bryt, men slår ikkje over.

23. Men dette folket hareit trassig og opprørsk hjarte,dei har vike av og gått bort.

24. Dei seier ikkje i hjartet sitt:«Lat oss frykta Herren vår Gud,han som gjev regn i rett tid,både haustregn og vårregn,og passar på vekenesom er fastsette for oss til innhausting.»

25. Men dette er kome i ulage på grunn av skulda dykkar,syndene held det gode borte frå dykk.

26. For det finst urettferdige i folket mitt.Dei ligg på lur som fuglefangarar i dekning,set feller og fangar menneske.

27. Som ei korg full av fuglar,slik er husa deira.Dei er fulle av svik.Difor har dei vorte store og rike,

28. tjukke og feite.Det fløymer over av vonde ord:Dei dømmer ikkje rettså farlause kan vinna fram med si sak,og dei hjelper ikkje fattige til deira rett.

29. Skulle eg ikkje straffa dei for dette,seier Herren,skulle eg ikkje hemna megpå eit folkeslag som dette?

30. Forferdelege og gruelege tingskjer i landet.

Les hele kapitlet Jeremia 5