Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 5:1-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Gå rundt i Jerusalems gater,sjå og forstå,leit på torga hennarog prøv å finna ein,ein einaste, som gjer rettog søkjer truskap,så eg kan tilgje byen.

2. Dei seier «så sant Herren lever»,men sver likevel falskt.

3. Herre, auga dine ser etter truskap.Du slo dei,men dei kjende ikkje smerte,du gjorde ende på dei,men dei nekta å ta lærdom av det.Dei gjorde andleta hardare enn steinog nekta å venda om.

4. Eg tenkte:Dei er berre små og tåpelege,for dei kjenner ikkje Herrens veg,sin Guds rett.

5. Eg vil gå til dei storeog tala med dei,for dei kjenner Herrens veg,sin Guds rett.Men dei har alle brote åketog slite lenkjene sund.

6. Difor skal løva frå skogen slå dei ned,ulven frå øydemarka skal herja,ved byane ligg leoparden på lur,alle som går ut, blir rivne i hel.For brota deira er mange,gong på gong har dei falle frå.

7. Kvifor skulle eg tilgje deg dette?Sønene dine har forlate megog svore ved gudar som ikkje er gudar.Eg metta dei, men dei braut ekteskapet,i horehuset rispa dei seg opp.

8. Dei er brunstige, velfødde hestar,kvar mann vrinskar etter kona til grannen.

9. Skulle eg ikkje straffa dei for dette,seier Herren,skulle eg ikkje hemna megpå eit folkeslag som dette?

10. Gå opp på terrassane i vinmarkaog øydelegg dei, men ikkje heilt!Ta bort vinrankene,for dei høyrer ikkje Herren til.

11. For dei har vore trulause mot meg,både Israels og Judas hus,seier Herren.

12. Dei fornektar Herren og seier:«Han finst ikkje,ulukka kjem ikkje over oss,sverd og svolt skal vi ikkje sjå.

13. Profetane skal bli til vind.Dei har ikkje ordet i seg.Slik skal det gå med dei.»

14. Difor seier Herren, allhærs Gud:Sjå, fordi de talar slike ord,gjer eg mine ord i din munn til ein eldog dette folket til vedsom elden skal øyda.

15. Sjå, Israels hus, eg sender mot dykkeit folkeslag frå det fjerne,seier Herren.Det er eit mektig folkeslag,eit folk frå gammal tid.Du kjenner ikkje språket deiraog skjønar ikkje kva dei seier.

16. Pilkoggera deira er som ei open grav,krigarar er dei alle.

17. Dei et kornet og brødet ditt,dei et sønene og døtrene dine,dei et småfeet og storfeet ditt,dei et vinstokkane og fikentrea dine.Festningsbyane dine, som du lit på,skal dei utsletta med sverd.

Les hele kapitlet Jeremia 5