Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 49:3-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Klag, Hesjbon,for Ai er øydelagd.Skrik, de Rabbas døtrer,kled dykk i sekkestrie, set i med klageog spring att og fram mellom kveene.For Milkom må gå i eksilog prestane og stormennene med han.

4. Kvifor skryter du av dalane,av grøderikdomen i dalen din,du bortkomne dottersom set di lit til skattane dine:«Kven kan vel nå meg?»

5. Sjå, eg sender redsle over deg,seier Herren, allhærs Gud,frå alle kantar.De skal drivast bort i kvar si retning,og ingen skal samla dei som flyktar.

6. Men sidan vender eg lagnaden for ammonittane,seier Herren.

7. Om Edom.Så seier Herren over hærskarane:Finst det ikkje visdom lenger i Teman?Har ikkje dei kloke råd å gje?Har visdomen deira rotna?

8. Flykt, snu om! Bu i djupet,de som bur i Dedan.For eg lèt Esaus ulukke koma over han,tida då eg krev han til rekneskap.

9. Om drueplukkarar kjem til deg,lèt dei ingen etterhaust bli att.Om tjuvar kjem om natta,øydelegg dei kva dei vil.

10. For eg kler av Esauog viser fram gøymestadene hansså han ikkje kan gøyma seg.Herja blir borna og brørne og grannane hans,det er ute med dei.

11. Berre gå frå dine farlause born,eg skal halda dei i live,og enkjene dine kan lita på meg.

12. For så seier Herren:Sjå, dei som ikkje fortener det,må drikka av begeret.Og så skulle du sleppa straff?Nei, du skal ikkje sleppa,du skal drikka!

13. For eg har svore ved meg sjølv,seier Herren:Bosra skal bli til øydemark og til spott,til ruin og til forbanning.Alle byane derskal liggja i ruin for alltid.

14. Ein bodskap har eg høyrt frå Herren,ein bodberar er send til folkeslaga:«Samla dykk og gå mot byen,reis dykk til krig!»

15. Sjå, eg gjer deg liten mellom folka,forakta mellom menneska.

16. Redsla du spreidde,og ditt hovmodige hjarte har narra deg,du som bur i fjellkløfterog held til oppe på høgdene.Men om du legg reiret ditt høgt som ørna,skal eg støyta deg ned derifrå,seier Herren.

17. Edom skal bli til øydemark.Alle som går forbi,skal bli forfærde og plystra hånlegover såra ho har fått.

18. Det skal gå som då Sodoma og Gomorraog grannebyane vart øydelagde, seier Herren.Ingen skal bu der,ikkje eit menneske slå seg ned.

19. Sjå, lik løva som kjem oppfrå den tette Jordan-skogentil sletta som alltid er grøn,slik skal eg på ein augneblinkdriva dei bort frå landet.Kven er den utvalde som eg skal setja over det?For kven er som eg?Kven kan stemna meg?Kven er den gjetaren som kan stå for mitt andlet?

20. Difor, høyr kva avgjerd Herren har teke om Edom,kva plan han har lagtmot dei som bur i Teman.Sanneleg, dei minste av sauene skal slepast bort,og beitemarkene deira skal bli aude.

21. Når dei fell, skjelv jorda av drønnet,heilt til Sivsjøen høyrest skriket.

Les hele kapitlet Jeremia 49