Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 49:26-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Dei unge mennene fell på torga,alle krigarar blir drepne den dagen,seier Herren over hærskarane.

27. Eg set fyr på muren kring Damaskus,eld skal øyda Ben-Hadads borger.

28. Om Kedar og Hasor-rika, som kong Nebukadnesar av Babel slo.Så seier Herren:Opp, rykk fram mot Kedar,øydelegg folka i aust!

29. Dei skal ta telta og småfeet frå dei,teltdukane og alle reiskapane,dei skal ta kamelane deira med segog ropa til dei:«Redsle på alle kantar!»

30. Flykt! Skund dykk bort!Gøym dykk djupt nede,de som bur i Hasor, seier Herren.For kong Nebukadnesar av Babelhar teke ei avgjerdog lagt ein plan mot dykk.

31. Opp, rykk fram mot eit sorglaust folk,mot dei som bur trygt, seier Herren.Det har korkje portar eller bommarog bur for seg sjølv.

32. Kamelane deira skal bli til rov,den store buskapen til bytte.Dei som har kortklipt hår ved tinningen,skal eg spreia for alle vindar;eg lèt ulukke koma over deifrå alle kantar, seier Herren.

33. Hasor blir ein stad der sjakalar held til,ein ørken for alle tider.Ingen skal bu der,ikkje eit menneske slå seg ned.

34. Herrens ord som kom til profeten Jeremia om Elam i byrjinga av regjeringstida til Juda-kongen Sidkia:

35. Så seier Herren over hærskarane:Sjå, eg bryt sund bogen til elamittane,det sterkaste våpenet deira.

36. Mot Elam sender eg fire vindarfrå dei fire himmelhjørnaog spreier dei for alle desse vindane.Det skal ikkje finnast eit einaste folkeslagder det ikkje kjem nokonsom er drivne bort frå Elam.

37. Eg slår Elam med skrekk for fiendenog for alle som står dei etter livet.Eg lèt ulukke koma over dei,min brennande vreide, seier Herren.Eg sender sverdet etter deitil eg får gjort ende på dei.

Les hele kapitlet Jeremia 49