Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 49:18-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Det skal gå som då Sodoma og Gomorraog grannebyane vart øydelagde, seier Herren.Ingen skal bu der,ikkje eit menneske slå seg ned.

19. Sjå, lik løva som kjem oppfrå den tette Jordan-skogentil sletta som alltid er grøn,slik skal eg på ein augneblinkdriva dei bort frå landet.Kven er den utvalde som eg skal setja over det?For kven er som eg?Kven kan stemna meg?Kven er den gjetaren som kan stå for mitt andlet?

20. Difor, høyr kva avgjerd Herren har teke om Edom,kva plan han har lagtmot dei som bur i Teman.Sanneleg, dei minste av sauene skal slepast bort,og beitemarkene deira skal bli aude.

21. Når dei fell, skjelv jorda av drønnet,heilt til Sivsjøen høyrest skriket.

22. Sjå, han stig som ei ørn,stuper ned og breier vengene utover Bosra.Den dagen skal hjartet til Edoms krigararvera som hjartet til ei kvinne i barnsnaud.

23. Om Damaskus.Hamat og Arpad blir til skamme,for dei har fått høyra ein bodskap om ulukkeog skjelv som havet i uro,aldri fell det til ro.

24. Damaskus mistar motet, snur og flyktar,ho er gripen av trengsleog av rier som hos ei fødande kvinne.

25. Forlaten er den namngjetne byen,mi gledes by!

26. Dei unge mennene fell på torga,alle krigarar blir drepne den dagen,seier Herren over hærskarane.

27. Eg set fyr på muren kring Damaskus,eld skal øyda Ben-Hadads borger.

28. Om Kedar og Hasor-rika, som kong Nebukadnesar av Babel slo.Så seier Herren:Opp, rykk fram mot Kedar,øydelegg folka i aust!

29. Dei skal ta telta og småfeet frå dei,teltdukane og alle reiskapane,dei skal ta kamelane deira med segog ropa til dei:«Redsle på alle kantar!»

30. Flykt! Skund dykk bort!Gøym dykk djupt nede,de som bur i Hasor, seier Herren.For kong Nebukadnesar av Babelhar teke ei avgjerdog lagt ein plan mot dykk.

31. Opp, rykk fram mot eit sorglaust folk,mot dei som bur trygt, seier Herren.Det har korkje portar eller bommarog bur for seg sjølv.

32. Kamelane deira skal bli til rov,den store buskapen til bytte.Dei som har kortklipt hår ved tinningen,skal eg spreia for alle vindar;eg lèt ulukke koma over deifrå alle kantar, seier Herren.

33. Hasor blir ein stad der sjakalar held til,ein ørken for alle tider.Ingen skal bu der,ikkje eit menneske slå seg ned.

34. Herrens ord som kom til profeten Jeremia om Elam i byrjinga av regjeringstida til Juda-kongen Sidkia:

35. Så seier Herren over hærskarane:Sjå, eg bryt sund bogen til elamittane,det sterkaste våpenet deira.

36. Mot Elam sender eg fire vindarfrå dei fire himmelhjørnaog spreier dei for alle desse vindane.Det skal ikkje finnast eit einaste folkeslagder det ikkje kjem nokonsom er drivne bort frå Elam.

Les hele kapitlet Jeremia 49