Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 49:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Om ammonittane.Så seier Herren:Har ikkje Israel born,har han ingen arving?Kvifor har då Milkom teke over Gadog folket hans slege seg ned i byane der?

2. Difor, sjå, dagar skal koma,seier Herren,då eg lèt krigsrop lydafor ammonittane i Rabba.Byen skal bli til ein aud ruinhaug,dotterbyane skal brennast opp.Israel skal driva bortdei som hadde drive han bort, seier Herren.

3. Klag, Hesjbon,for Ai er øydelagd.Skrik, de Rabbas døtrer,kled dykk i sekkestrie, set i med klageog spring att og fram mellom kveene.For Milkom må gå i eksilog prestane og stormennene med han.

4. Kvifor skryter du av dalane,av grøderikdomen i dalen din,du bortkomne dottersom set di lit til skattane dine:«Kven kan vel nå meg?»

5. Sjå, eg sender redsle over deg,seier Herren, allhærs Gud,frå alle kantar.De skal drivast bort i kvar si retning,og ingen skal samla dei som flyktar.

6. Men sidan vender eg lagnaden for ammonittane,seier Herren.

7. Om Edom.Så seier Herren over hærskarane:Finst det ikkje visdom lenger i Teman?Har ikkje dei kloke råd å gje?Har visdomen deira rotna?

8. Flykt, snu om! Bu i djupet,de som bur i Dedan.For eg lèt Esaus ulukke koma over han,tida då eg krev han til rekneskap.

Les hele kapitlet Jeremia 49