Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 49:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Om ammonittane.Så seier Herren:Har ikkje Israel born,har han ingen arving?Kvifor har då Milkom teke over Gadog folket hans slege seg ned i byane der?

2. Difor, sjå, dagar skal koma,seier Herren,då eg lèt krigsrop lydafor ammonittane i Rabba.Byen skal bli til ein aud ruinhaug,dotterbyane skal brennast opp.Israel skal driva bortdei som hadde drive han bort, seier Herren.

3. Klag, Hesjbon,for Ai er øydelagd.Skrik, de Rabbas døtrer,kled dykk i sekkestrie, set i med klageog spring att og fram mellom kveene.For Milkom må gå i eksilog prestane og stormennene med han.

4. Kvifor skryter du av dalane,av grøderikdomen i dalen din,du bortkomne dottersom set di lit til skattane dine:«Kven kan vel nå meg?»

5. Sjå, eg sender redsle over deg,seier Herren, allhærs Gud,frå alle kantar.De skal drivast bort i kvar si retning,og ingen skal samla dei som flyktar.

6. Men sidan vender eg lagnaden for ammonittane,seier Herren.

7. Om Edom.Så seier Herren over hærskarane:Finst det ikkje visdom lenger i Teman?Har ikkje dei kloke råd å gje?Har visdomen deira rotna?

8. Flykt, snu om! Bu i djupet,de som bur i Dedan.For eg lèt Esaus ulukke koma over han,tida då eg krev han til rekneskap.

9. Om drueplukkarar kjem til deg,lèt dei ingen etterhaust bli att.Om tjuvar kjem om natta,øydelegg dei kva dei vil.

10. For eg kler av Esauog viser fram gøymestadene hansså han ikkje kan gøyma seg.Herja blir borna og brørne og grannane hans,det er ute med dei.

Les hele kapitlet Jeremia 49