Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 48:8-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Han som herjar, kjem til kvar ein by,ikkje ein by slepp unna.Dalen skal gå til grunneog sletta leggjast i øyde,slik som Herren har sagt.

9. Gjev Moab ein blom,for det skal leggjast i ruinar.Byane skal bli aude,ingen skal bu i dei.

10. Forbanna er densom forsømer å gjera Herrens verk!Forbanna er densom held sverdet borte frå blod!

11. Moab var trygg frå ungdomen av,låg roleg som vin over berme,vart ikkje helt frå fat til fat,måtte ikkje gå i eksil.Difor har smaken halde seg,og angen er den same som før.

12. Difor, sjå, dagar skal koma,seier Herren,då eg sender vintapparar til han.Dei skal tappa han omog tømma fataog slå krukkene sund.

13. Då skal Moab skamma seg over Kemosjslik Israel måtte skamma seg over Betel,som dei sette si lit til.

14. Korleis kan de seia:«Vi er krigarar og djerve stridsmenn»?

15. Moab skal herjast.Dei dreg mot byane der,og den beste ungdomen dreg ut for å bli slakta,seier kongen, Herren over hærskarane er hans namn.

16. Moabs ulukke er nær,brått kjem det vonde over han.

17. Sørg over han,alle de grannarog alle de som kjenner hans namn.Sei: «Broten er den sterke staven,det herlege septeret!»

18. Stig ned frå æresplassen,set deg i det tørste landet,du som bur hos dotter Dibon.For han som skal herja Moab,dreg mot degog øydelegg festningane dine.

Les hele kapitlet Jeremia 48