Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 48:37-47 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

37. Kvart hovud er snauklipt,alt skjegg er raka av.Alle har rispa opp hendeneog har sekkestrie om hoftene.

38. På alle tak og torg i Moab lyder klage.For eg har slege Moab sundlik eit kar som ingen bryr seg om,seier Herren.

39. Knust er ho. Skrik!Moab har snudd ryggen til i skam.No blir Moab til latter og til redslefor alle grannane sine.

40. For så seier Herren:Sjå, han stuper som ei ørnog breier vengene ut over Moab.

41. Byane blir inntekne, festningane tekne.Den dagen skal hjartet i Moabs krigararvera som hjartet til ei kvinne i barnsnaud.

42. Moab blir utsletta som folkfordi dei har vist hovmod mot Herren.

43. Det blir gru og grav og garnfor deg som bur i Moab!seier Herren.

44. Den som flyktar frå gru,skal falla i grav,kjem han seg opp or grava,skal han bli fanga i garnet.For eg sender rekneskaps år over Moab,seier Herren.

45. I skuggen av Hesjbonstår utslitne flyktningar.For eld går ut frå Hesjbon,ein loge frå Sihon.Han skal øyda Moabs tinningog skallen på dei som bråkar.

46. Ve deg, Moab!Det er ute med Kemosj-folket.For sønene dine blir tekne til fange,og døtrene må gå i fangenskap.

47. Men eg skal venda lagnaden for Moabi dagar som kjem,seier Herren.Så langt dommen over Moab.

Les hele kapitlet Jeremia 48