Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 48:35-45 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

35. I Moab, seier Herren,gjer eg ende på deisom går opp på hauganeog tenner offereld for guden sin.

36. Difor klagar mitt hjartesom ei fløyte over Moab,mitt hjarte klagar som ei fløyteover mennene frå Kir-Heres.For tapt er alt det dei hadde att.

37. Kvart hovud er snauklipt,alt skjegg er raka av.Alle har rispa opp hendeneog har sekkestrie om hoftene.

38. På alle tak og torg i Moab lyder klage.For eg har slege Moab sundlik eit kar som ingen bryr seg om,seier Herren.

39. Knust er ho. Skrik!Moab har snudd ryggen til i skam.No blir Moab til latter og til redslefor alle grannane sine.

40. For så seier Herren:Sjå, han stuper som ei ørnog breier vengene ut over Moab.

41. Byane blir inntekne, festningane tekne.Den dagen skal hjartet i Moabs krigararvera som hjartet til ei kvinne i barnsnaud.

42. Moab blir utsletta som folkfordi dei har vist hovmod mot Herren.

43. Det blir gru og grav og garnfor deg som bur i Moab!seier Herren.

44. Den som flyktar frå gru,skal falla i grav,kjem han seg opp or grava,skal han bli fanga i garnet.For eg sender rekneskaps år over Moab,seier Herren.

45. I skuggen av Hesjbonstår utslitne flyktningar.For eld går ut frå Hesjbon,ein loge frå Sihon.Han skal øyda Moabs tinningog skallen på dei som bråkar.

Les hele kapitlet Jeremia 48