Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 48:10-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Forbanna er densom forsømer å gjera Herrens verk!Forbanna er densom held sverdet borte frå blod!

11. Moab var trygg frå ungdomen av,låg roleg som vin over berme,vart ikkje helt frå fat til fat,måtte ikkje gå i eksil.Difor har smaken halde seg,og angen er den same som før.

12. Difor, sjå, dagar skal koma,seier Herren,då eg sender vintapparar til han.Dei skal tappa han omog tømma fataog slå krukkene sund.

13. Då skal Moab skamma seg over Kemosjslik Israel måtte skamma seg over Betel,som dei sette si lit til.

14. Korleis kan de seia:«Vi er krigarar og djerve stridsmenn»?

15. Moab skal herjast.Dei dreg mot byane der,og den beste ungdomen dreg ut for å bli slakta,seier kongen, Herren over hærskarane er hans namn.

16. Moabs ulukke er nær,brått kjem det vonde over han.

Les hele kapitlet Jeremia 48