Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 47:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herrens ord som kom til profeten Jeremia om filistrane før farao slo Gaza.

2. Så seier Herren:Sjå, vatnet stig frå nordog blir til ei fløymande elv,ho fløymer over landet og alt som fyller det,byane og dei som der bur.Menneska skrik,alle som bur i landet, jamrar.

3. For dei høyrer hovslag frå sterke hestar,vogner som ramlar og hjul som dundrar.Fedrane ser seg ikkje om etter borna,hendene er slappe.

4. For no er dagen komendå filistrane skal øydeleggjast,då alle i Tyros og Sidonsom slapp unna og kunne hjelpa,skal ryddast ut.For Herren øydelegg filistrane,dei som er att frå Kaftor-kysten.

5. Gaza er raka snau,Asjkalon har tagna.Du som er att i dalen,kor lenge vil du rispa deg opp?

Les hele kapitlet Jeremia 47