Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 46:5-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Men kva må eg sjå?Dei blir gripne av skrekkog trekkjer seg tilbake.Krigarane deira blir slegne,dei flyktar utan å sjå seg tilbake.Redsle rår på alle kantar,seier Herren.

6. Den raske kan ikkje flykta,krigaren kan ikkje berga seg.Der nord, ved bredda av Eufrat,der snublar dei og fell.

7. Kven er det som stig lik Nilen,lik elvar der vatnet fløymer?

8. Det er Egypt som stig lik Nilen,lik elvar der vatnet fløymer.Det sa: «Eg vil stiga og løyna jorda,gjera ende på byar og dei som bur der.

9. Fram, hestar! Av stad, vogner!Krigarar skal rykkja ut,Kusj og Put som ber skjold,og dei frå Lud som spenner bogen!»

10. Den dagen er ein hemnens dagfor Herren, allhærs Gud,han tek hemn over motstandarane.Sverdet får eta seg mettog drikka seg utørst på blod.Det er offerslaktingfor Herren, allhærs Gud,i landet der nord ved Eufrat.

11. Dra opp til Gilead, du jomfru,hent balsam, du dotter Egypt!Kvart lækjemiddel er til fånyttes,såret ditt vil ikkje gro.

12. Folkeslag høyrer om di skam,klageropet ditt fyller jorda.Den eine krigaren snublar over den andre,saman fell dei begge.

13. Ordet som Herren tala til profeten Jeremia då kong Nebukadnesar av Babel kom for å slå Egypt:

14. Kunngjer det i Egypt,lat det høyrast i Migdol,lat det høyrast i Nof og Tahpanhes!Sei: Still opp og gjer deg klar!For sverdet øyder rundt ikring deg.

15. Kvifor flykta Apis, din sterke okse?Han kunne ikkje stå imot,for Herren har drive han bort.

16. Han fekk mange til å snubla,ja, dei fall over kvarandre.Då sa dei:«Kom, lat oss venda attende til folket vårt,til landet der vi er fødde,bort frå det herjande sverdet!»

17. Der skal dei gje farao, kongen i Egypt,namnet «Krigslarm som kom for seint».

Les hele kapitlet Jeremia 46