Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 44:25-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: De og kvinnene dykkar har oppfylt med hendene det de lova med munnen: «Vi vil halda lovnadene vi har gjeve om å tenna offereld til Himmeldronninga og ausa ut drikkoffer for henne.» Ja, oppfyll no lovnadene dykkar og gjer alt de har lova!

26. Høyr då Herrens ord, alle frå Juda som bur i Egypt: Sjå, no sver eg ved mitt store namn, seier Herren, at det ikkje skal vera ein einaste judear att i heile Egypt som kan ta mitt namn i sin munn og seia: «Så sant Herren vår Gud lever!»

27. Sjå, eg vaker over dei til det vonde og ikkje til det gode. Kvar einaste judear i Egypt skal mista livet ved sverd og svolt, til det er ute med dei.

28. Berre nokre få skal sleppa unna sverdet og koma tilbake til Juda frå Egypt. Då skal resten av Juda som fór til Egypt for å slå seg ned der som framande, få kjenna kva ord som blir ståande, mitt eller deira.

29. Og dette skal de ha til teikn, seier Herren, på at eg vil krevja dykk til rekneskap på denne staden, for at de skal kjenna at mine ord mot dykk står ved lag – til det vonde.

Les hele kapitlet Jeremia 44