Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 44:15-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Då tok dei til orde mot Jeremia, alle mennene som visste at kvinnene deira tende offereld for andre gudar, alle kvinnene som stod der i ein stor flokk, og alt folket som budde i Egypt, i Patros:

16. «Det ordet du har tala til oss i Herrens namn, vil vi ikkje høyra på.

17. Nei, vi vil halda kvart ord som har kome frå vår munn, tenna offereld for Himmeldronninga og ausa ut drikkoffer for henne, slik vi og fedrane våre, kongane og leiarane våre gjorde i Judas byar og på gatene i Jerusalem. Då hadde vi brød nok, det gjekk oss godt, og vi opplevde ikkje noko vondt.

18. Men sidan vi heldt opp med å tenna offereld til Himmeldronninga og ausa ut drikkoffer for henne, har vi mangla alt; vi mistar livet ved sverd og svolt.»

19. Kvinnene sa: «Når vi tenner offereld for Himmeldronninga og auser ut drikkoffer for henne, er det vel ikkje utan våre menns vitende og vilje vi lagar offerkaker i hennar bilete og auser ut drikkoffer for henne?»

20. Då sa Jeremia til alt folket, til mennene og kvinnene, alle som hadde teke til orde mot han:

21. Visst tende de offereld i byane i Juda og på gatene i Jerusalem, både de sjølve og fedrane dykkar, kongane og stormennene dykkar og folket i landet. Og Herren hugsa det, det var i tankane hans.

22. Herren kunne ikkje lenger tola dei vonde gjerningane og det avskyelege de gjorde. Så vart landet dykkar til ruinar, øydemark og forbanning så ingen kunne bu der, slik det er i dag.

23. Fordi de tende offereld og synda mot Herren, og fordi de ikkje ville lyda han og ikkje følgja hans lov og forskrifter og bod, har denne ulukka ramma dykk, slik ein kan sjå i dag.

24. Sidan sa Jeremia til alt folket og til alle kvinnene: Høyr Herrens ord, alle de frå Juda som er i Egypt!

25. Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: De og kvinnene dykkar har oppfylt med hendene det de lova med munnen: «Vi vil halda lovnadene vi har gjeve om å tenna offereld til Himmeldronninga og ausa ut drikkoffer for henne.» Ja, oppfyll no lovnadene dykkar og gjer alt de har lova!

26. Høyr då Herrens ord, alle frå Juda som bur i Egypt: Sjå, no sver eg ved mitt store namn, seier Herren, at det ikkje skal vera ein einaste judear att i heile Egypt som kan ta mitt namn i sin munn og seia: «Så sant Herren vår Gud lever!»

27. Sjå, eg vaker over dei til det vonde og ikkje til det gode. Kvar einaste judear i Egypt skal mista livet ved sverd og svolt, til det er ute med dei.

28. Berre nokre få skal sleppa unna sverdet og koma tilbake til Juda frå Egypt. Då skal resten av Juda som fór til Egypt for å slå seg ned der som framande, få kjenna kva ord som blir ståande, mitt eller deira.

Les hele kapitlet Jeremia 44