Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 44:1-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette ordet kom til Jeremia om alle judearane som budde i Egypt, i Migdol, Tahpanhes, Nof og Patros:

2. Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: De har sjølve sett alt det vonde eg lét koma over Jerusalem og alle byane i Juda. Sjå, i dag ligg dei aude, og ingen bur i dei.

3. Det er fordi dei gjorde så mykje vondt, dei gjorde meg rasande då dei gjekk og tende offereld for å dyrka andre gudar som korkje dei eller de eller fedrane dykkar hadde kjent.

4. Eg sende alle tenarane mine, profetane, til dykk seint og tidleg for å seia: «Gjer ikkje dette avskyelege som eg hatar!»

5. Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyret til så dei kunne venda om frå vondskapen sin og halda opp med å tenna offereld for andre gudar.

6. Difor auste eg harmen og vreiden min ut over byane i Juda og gatene i Jerusalem så dei vart til ruinar og ørken, som dei er i dag.

7. Og no seier Herren, allhærs Gud, Israels Gud: Kvifor gjer de så mykje vondt mot dykk sjølve? De ryddar ut menn og kvinner, born og spedborn frå Juda så de ikkje har nokon rest att.

8. De gjer meg rasande med det de lagar med eigne hender; de tenner offereld for andre gudar i Egypt, dit de fór for å bu der som innflyttarar. Slik ryddar de dykk sjølve ut og blir til forbanning og spott mellom alle folkeslag på jorda.

9. Har de gløymt det vonde som fedrane dykkar, kongane i Juda og kvinnene deira har gjort, og det vonde som de sjølve og dykkar eigne kvinner har gjort i Juda og på gatene i Jerusalem?

10. Dei har ikkje audmjuka seg til denne dag. Dei er ikkje redde og har ikkje følgt mi lov og mine forskrifter, som eg har lagt fram for dykk og fedrane dykkar.

11. Difor seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Sjå, no vender eg andletet mot dykk til det vonde, for å rydda ut heile Juda.

12. Eg tek resten av folket i Juda, dei som vende andletet mot Egypt for å slå seg ned der som innflyttarar. I Egypt skal dei mista livet, alle saman, falla for sverd, mista livet av svolt. Både små og store skal døy for sverd og svolt. Dei skal bli til eit banneord og ei gru, til forbanning og spott.

13. Eg vil straffa dei som bur i Egypt, slik eg straffa Jerusalem, med sverd og svolt og pest.

14. Frå resten av Juda, dei som kom til Egypt for å slå seg ned der som innflyttarar, skal ingen sleppa unna og overleva så dei kan koma tilbake. Dei skal lengta etter å koma heim til Juda og bu der att, men ingen skal koma heim, berre nokre få slepp unna.

15. Då tok dei til orde mot Jeremia, alle mennene som visste at kvinnene deira tende offereld for andre gudar, alle kvinnene som stod der i ein stor flokk, og alt folket som budde i Egypt, i Patros:

16. «Det ordet du har tala til oss i Herrens namn, vil vi ikkje høyra på.

Les hele kapitlet Jeremia 44