Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 42:9-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. og sa til dei: Så seier Herren, Israels Gud, som de sende meg til for å leggja fram dykkar bøn:

10. Dersom de blir verande her i landet, vil eg byggja dykk opp og ikkje knusa, planta dykk og ikkje rykkja opp. Eg angrar på det vonde eg har gjort mot dykk.

11. Ver ikkje redde kongen av Babel, som de er så redde for. Ver ikkje redde han! seier Herren. For eg er med dykk, eg vil frelsa dykk og berga dykk frå hans hand.

12. Eg skal visa dykk miskunn, og han skal miskunna seg over dykk og føra dykk tilbake til dykkar eige land.

13. Men så kan det henda at de ikkje vil lyda Herren dykkar Gud og seier: «Vi vil ikkje bu i dette landet.

14. Nei, vi vil dra til Egypt så vi skal sleppa å sjå krig, høyra lyden av horn og hungra etter brød. Der vil vi bu.»

15. Difor, høyr no Herrens ord, de som er att av Juda! Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Om de vender andletet mot Egypt for å fara dit og slå dykk ned som innflyttarar der,

16. då skal det sverdet som de er redde, nå dykk att der i Egypt, og svolten som de er redde, skal følgja i hælane på dykk dit, og der skal de døy.

Les hele kapitlet Jeremia 42