Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 42:12-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Eg skal visa dykk miskunn, og han skal miskunna seg over dykk og føra dykk tilbake til dykkar eige land.

13. Men så kan det henda at de ikkje vil lyda Herren dykkar Gud og seier: «Vi vil ikkje bu i dette landet.

14. Nei, vi vil dra til Egypt så vi skal sleppa å sjå krig, høyra lyden av horn og hungra etter brød. Der vil vi bu.»

15. Difor, høyr no Herrens ord, de som er att av Juda! Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Om de vender andletet mot Egypt for å fara dit og slå dykk ned som innflyttarar der,

16. då skal det sverdet som de er redde, nå dykk att der i Egypt, og svolten som de er redde, skal følgja i hælane på dykk dit, og der skal de døy.

17. Alle dei som har vendt andletet mot Egypt for å dra dit og slå seg ned som innflyttarar, skal døy for sverd og svolt og pest. Ingen av dei skal overleva og sleppa frå den ulukka eg sender over dei.

18. For så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Slik min vreide og harme vart aust ut over dei som bur i Jerusalem, slik skal min harme ausast ut over dykk om de dreg til Egypt. De skal bli til eit banneord og ei gru, til forbanning og spott, og de skal aldri få sjå denne staden att.

19. Herren har sagt til dykk som er att i Juda: Far ikkje til Egypt! De skal vita for visst at eg har åtvara dykk i dag.

20. De fører vill, og det skal kosta dykk livet. Først sender de meg til Herren dykkar Gud og seier: «Bed for oss til Herren vår Gud og fortel oss alt det Herren vår Gud seier, så skal vi gjera det.»

Les hele kapitlet Jeremia 42