Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 42:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då kom alle hærførarane og Johanan, son til Kareah, og Jesanja, son til Hosjaja, og heile folket, både små og store,

2. og sa til profeten Jeremia: «Lat oss få koma fram for deg med vår bøn! Bed for oss til Herren din Gud, for alle som er att her! Som du ser, vi er berre nokre få att av mange.

3. Herren din Gud må seia oss kva veg vi skal gå, og kva vi skal gjera.»

4. Profeten Jeremia svara dei: «Ja vel, eg skal be til Herren dykkar Gud, så som de seier. Og kvart ord Herren gjev dykk til svar, skal eg fortelja dykk. Eg skal ikkje halda noko tilbake.»

5. Då sa dei til Jeremia: «Måtte Herren vera eit sant og truverdig vitne mot oss om vi ikkje følgjer kvart einaste ord som Herren din Gud sender oss gjennom deg.

6. Anten det er godt eller vondt, vil vi lyda Herren vår Gud som vi sender deg til, så det må gå oss godt. For vi vil lyda Herren vår Gud.»

7. Ti dagar seinare kom Herrens ord til Jeremia.

8. Han kalla til seg Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane som var med han, og heile folket, både små og store,

9. og sa til dei: Så seier Herren, Israels Gud, som de sende meg til for å leggja fram dykkar bøn:

10. Dersom de blir verande her i landet, vil eg byggja dykk opp og ikkje knusa, planta dykk og ikkje rykkja opp. Eg angrar på det vonde eg har gjort mot dykk.

11. Ver ikkje redde kongen av Babel, som de er så redde for. Ver ikkje redde han! seier Herren. For eg er med dykk, eg vil frelsa dykk og berga dykk frå hans hand.

12. Eg skal visa dykk miskunn, og han skal miskunna seg over dykk og føra dykk tilbake til dykkar eige land.

13. Men så kan det henda at de ikkje vil lyda Herren dykkar Gud og seier: «Vi vil ikkje bu i dette landet.

14. Nei, vi vil dra til Egypt så vi skal sleppa å sjå krig, høyra lyden av horn og hungra etter brød. Der vil vi bu.»

Les hele kapitlet Jeremia 42