Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 41:7-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Då dei kom inn i byen, vart dei drepne av Ismael, son til Netanja, og dei mennene han hadde med seg, og kasta i ein brønn.

8. Men mellom dei var det ti menn som sa til Ismael: «Ikkje drep oss! Vi har mat gøymd ute på marka: kveite, bygg, olje og honning.» Då lét han dei vera og drap dei ikkje saman med dei andre.

9. Den brønnen der Ismael kasta lika av alle han hadde drepe gjennom knepet med Gedalja, var den kong Asa hadde laga då han låg i strid med kong Basja i Israel. Ismael, son til Netanja, fylte han no med dei drepne.

10. Sidan førte Ismael, son til Netanja, resten av folket i Mispa bort som fangar, både døtrene til kongen og alle dei andre som var att i Mispa, dei som Nebusaradan, sjefen for livvakta, hadde sett Gedalja, son til Ahikam, til å styra over. Ismael, son til Netanja, drog av stad for å koma seg over til ammonittane.

11. Då Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane som var med han, høyrde om alt det vonde Ismael, son til Netanja, hadde gjort,

12. tok dei med seg alle mennene sine og drog ut for å strida mot han. Dei fann han attmed den store dammen i Gibeon.

13. Alt folket som var hos Ismael, vart glade då dei fekk sjå Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane som var med han.

14. No snudde alle dei som Ismael hadde ført bort som fangar frå Mispa, og gjekk tilbake til Johanan, son til Kareah.

15. Ismael, son til Netanja, kom seg unna med åtte mann. Han slapp frå Johanan og drog til ammonittane.

16. Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane som var med han, tok då med seg resten av folket frå Mispa, dei han hadde ført tilbake frå Ismael, son til Netanja, etter drapet på Gedalja, son til Ahikam: menn, krigarar, kvinner, born og hoffmenn. Han førte dei tilbake frå Gibeon.

17. Dei drog av stad og tok inn i Gerut-Kimham ved Betlehem. Dei ville fara vidare til Egypt,

18. bort frå kaldearane. Dei var redde kaldearane fordi Ismael, son til Netanja, hadde drepe Gedalja, son til Ahikam, som kongen av Babel hadde sett til å styra landet.

Les hele kapitlet Jeremia 41