Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 41:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Men i den sjuande månaden kom Ismael, son til Netanja, Elisjamas son, som høyrde til kongsætta og var ein av kongens stormenn, til Gedalja, son til Ahikam, i Mispa. Han hadde med seg ti mann. Medan dei sat og åt saman i Mispa,

2. reiste Ismael, son til Netanja, seg saman med dei ti mennene som var med han. Med sverd hogg dei ned Gedalja, son til Ahikam, Sjafans son. Dei drap han som kongen av Babel hadde sett til å styra landet,

3. alle judearane som var hos Gedalja i Mispa, og dei kaldearane som fanst der. Ismael drap alle krigarane.

4. Dagen etter at Gedalja var drepen, før nokon visste om det,

5. kom det åtti menn frå Sikem, Sjilo og Samaria. Dei hadde raka skjegget, rive sund kleda og rispa seg opp. Dei hadde med seg grødeoffer og røykjelse som dei skulle bera fram i Herrens hus.

Les hele kapitlet Jeremia 41