Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 40:6-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Jeremia fór til Gedalja, son til Ahikam, i Mispa og vart buande hos han, mellom folket som var att i landet.

7. No fekk alle hærførarane og soldatane kringom i landet høyra at kongen av Babel hadde sett Gedalja, son til Ahikam, til å styra landet. Han hadde sett han over menn, kvinner og born og over dei fattigaste i landet som ikkje var førte i eksil til Babel.

8. Då kom hærførarane til Gedalja i Mispa med mennene sine: Ismael, son til Netanja, Johanan og Jonatan, søner av Kareah, Seraja, son til Tanhumet, sønene til Efai frå Netofa og Jesanja, son til ein mann frå Maaka.

9. Gedalja, son til Ahikam, Sjafans son, gjorde eid til dei og mennene deira og sa: «Ver ikkje redde for å tena kaldearane! Ver i landet og ten kongen av Babel, så skal det gå dykk godt.

10. Eg blir buande i Mispa for å stå til ansvar for kaldearane når dei kjem til oss. Men de skal hausta vindruer, frukt og oliven og samla det i kjerald, og de kan bu i dei byane de har teke.»

11. Også alle judearane som var i Moab, Ammon og Edom og alle andre land, fekk høyra at kongen av Babel hadde late ein rest vera att i Juda, og at han hadde sett Gedalja, son til Ahikam, Sjafans son, til å ha tilsyn med dei.

12. Alle desse judearane forlét då dei stadene dei var drivne bort til, og fór attende til Juda. Dei kom til Gedalja i Mispa, og dei hausta inn vindruer og frukt i store mengder.

13. Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane ute i landet kom til Gedalja i Mispa

14. og sa til han: «Veit du at ammonittkongen Baalis har sendt Ismael, son til Netanja, for å drepa deg?» Men Gedalja, son til Ahikam, trudde dei ikkje.

15. I løynd sa Johanan, son til Kareah, til Gedalja i Mispa: «Lat meg gå og drepa Ismael, son til Netanja, utan at nokon får vita det. Kvifor skal han ta livet av deg, så alle judearane som har samla seg om deg, blir spreidde og det som er att av Juda, går til grunne?»

16. Men Gedalja, son til Ahikam, sa til Johanan, son til Kareah: «Gjer ikkje det, for det er løgn, det du seier om Ismael.»

Les hele kapitlet Jeremia 40