Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 39:9-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Dei som var att i byen, og dei som hadde gått over til babylonarkongen, og dei som elles var att i folket, vart førte til Babel i eksil av Nebusaradan, sjefen for livvakta.

10. Berre nokre av dei fattigaste i folket, dei som ingenting eigde, lét livvaktsjefen Nebusaradan vera att i Juda, og samstundes gav han dei vinmarker og åkrar.

11. Kong Nebukadnesar av Babel gav livvaktsjefen Nebusaradan denne ordren om Jeremia:

12. «Ta han og hald auge med han. Du skal ikkje gjera han noko vondt, men det han sjølv bed om, skal du gjera med han.»

13. Livvaktsjefen Nebusaradan, Nebusjasban Rab-saris, Nergal Sar-eser Rab-mag og alle stormennene til Babel-kongen

14. sende bod om at Jeremia skulle takast ut or vaktgarden. Dei gav han over til Gedalja, son til Ahikam, Sjafans son, som skulle ta han heim til seg. Så fekk han bu mellom folket.

15. Herrens ord kom til Jeremia medan han sat fengsla i vaktgarden:

16. Gå og sei til Ebed-Melek frå Kusj: Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Sjå, no oppfyller eg mitt ord om denne byen, til det vonde og ikkje til det gode. Det skal henda rett framfor auga på deg den dagen.

17. Men eg vil berga deg på den dagen, seier Herren. Du skal ikkje koma i hendene på dei mennene du er redd.

18. Eg lèt deg sleppa unna. Du skal ikkje falla for sverd, men få livet som krigsbytte fordi du stola på meg, seier Herren.

Les hele kapitlet Jeremia 39