Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 39:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I det niande året Sidkia var konge i Juda, i den tiande månaden, kom kong Nebukadnesar av Babel til Jerusalem med heile hæren sin og kringsette byen.

2. I Sidkias ellevte år, på den niande dagen i den fjerde månaden, braut dei gjennom bymuren.

3. Då kom alle Babel-kongens embetsmenn og tok sete i Midtporten: Nergal Sar-eser av Samgar-Nebu, Sar-sekim Rab-saris, Nergal Sar-eser Rab-mag og alle dei andre embetsmennene til kongen av Babel.

4. Juda-kongen Sidkia og alle krigarane hans fekk auge på dei og rømde. Dei forlét byen om natta gjennom kongens hage ved porten mellom dei to murane. Han tok vegen mot Araba-sletta.

5. Men kaldearhæren sette etter dei og nådde Sidkia att på slettene ved Jeriko. Dei tok han til fange og førte han opp til Ribla i Hamat-landet, til Babel-kongen Nebukadnesar, som felte dommen over han.

6. I Ribla drap kongen av Babel sønene til Sidkia medan han såg på. Kongen av Babel drap òg alle stormennene i Juda.

7. Så stakk han ut auga på Sidkia og batt han med bronselenkjer for å føra han til Babel.

8. Kaldearane brende både kongens slott og husa til folket, og murane kring Jerusalem reiv dei ned.

Les hele kapitlet Jeremia 39