Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 37:3-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Kong Sidkia sende Jehukal, son til Sjelemja, og presten Sefanja, son til Maaseja, til profeten Jeremia for å seia: «Bed for oss til Herren vår Gud!»

4. På den tid var Jeremia fri til å gå ut og inn mellom folk; dei hadde endå ikkje sett han i fengsel.

5. No hadde faraos hær drege ut frå Egypt. Kaldearane som kringsette Jerusalem, fekk høyra om det og braut opp frå byen.

6. Då kom Herrens ord til profeten Jeremia:

7. Så seier Herren, Israels Gud: Dette skal de seia til Juda-kongen, som har sendt dykk for å spørja meg til råds: Sjå, faraos hær, som har fare ut for å hjelpa dykk, vil venda attende til sitt land, til Egypt.

8. Og så kjem kaldearane att og går til strid mot denne byen. Dei kjem til å ta han og brenna han.

9. Så seier Herren: De må ikkje narra dykk sjølve og seia: «Kaldearane dreg sikkert bort frå oss.» For det gjer dei ikkje.

10. Om de slo heile kaldearhæren som går til strid mot dykk, og det berre var att nokre hardt såra, kom dei til å reisa seg, kvar frå sitt telt, og brenna ned denne byen.

11. Då kaldearhæren hadde trekt seg tilbake frå Jerusalem på grunn av hæren til farao,

12. gjekk Jeremia ut av Jerusalem for å gå til Benjamin-landet. Han skulle ordna med ein arv mellom folket der.

13. Men då han kom til Benjamin-porten, møtte han ein vakthavande offiser som heitte Jeria, son til Sjelemja, Hananjas son. Han greip profeten Jeremia og sa: «Du vil gå over til kaldearane!»

14. «Det er løgn!» sa Jeremia. «Eg vil ikkje gå over til kaldearane.» Men Jeria høyrde ikkje på han. Han tok Jeremia og førte han til leiarane.

15. Dei vart sinte på Jeremia, dei slo han og førte han som fange til huset til riksskrivaren Jonatan, for det hadde dei gjort om til fengsel.

Les hele kapitlet Jeremia 37